Spar Bistandsaktuelt, Erna


Maria Lavik, styreleiar i IR

Regjeringa vil strupa ei viktig vaktbikkje i norsk utviklingspolitikk.

Av Maria Lavik, styreleiar Internasjonal Reporter

For knappe to veker sidan kom beskjeden om at regjeringa vil legga ned Bistandsaktuelt. Dette fagbladet er for alle som er interessert i utviklingsarbeid og rettar seg spesielt inn mot aktørar i bistandsbransjen. Akkurat no forhandlar regjeringspartia med KrF og Venstre om framtida til Bistandsaktuelt.

Er det så farleg, då? Me snakkar trass alt om eit fagblad med det noko daterte namnet ”Bistandsaktuelt” som får alle inntektene sine frå det statlege direktoratet Norad. Det høyrest då ut som eit hallelujakor for godt betalte bistandsarbeidarar, gjer det ikkje?

Sanninga er at Bistandsaktuelt over tid har blitt ein viktig arena for kunnskapsutveksling og debatt rundt utviklingspolitikk. Det er profesjonelle journalistar, ikkje PR-folk, som jobbar for fagbladet. Bistandsaktuelt er underlagt det etiske regelverket til pressa – Vær Varsom-plakaten – og Redaktørplakaten som skal garantera redaktøren suverenitet. Dette er med på å skapa ein buffer mellom redaksjonen og interessene til eigaren, Norad.

I praksis har Bistandsaktuelt vist seg som kompetent til å driva kritisk og uavhengig journalistikk. Fagbladet har sett eit kritisk søkelys både på dei små private organisasjonane og bistandsgigantane. I 2009 skreiv Bistandsaktuelt om fadderprogrammet til stiftinga Child Africa, som garanterte at alle pengane skulle koma fadderbarna til gode. Undersøkingar gjort av Bistandsaktuelt viste at berre ein liten del av pengane faktisk nådde borna. Bistandsaktuelt har dessutan følgt opp kidnappinga av fire av Flyktninghjelpen sine tilsette i Kenya i 2012. Flyktninghjelpen har i etterkant av kidnappinga blitt kritisert både for manglande tryggleiksrutinar og for dårleg oppfølging av sine tilsette. Bistandsaktuelt har løfta fram desse kritiske røystene i fleire artiklar. Bistandsaktuelt er kåra til årets fagblad i 2013 for det juryen kalla ”uredd og pågåande journalistikk”. Fagbladet har ein tilgjengeleg profil som gjer det mogeleg for den jamne lesaren å sette seg inn i kompliserte saksfeltet.

Nedlegginga av Bistandsaktuelt er ein del av regjeringa sine kuttplanar i bistandsbudsjettet. Regjeringa vil kutta i fleire område for å finansiera utgiftene i forbinding med den massive flyktningstraumen til Noreg. Forslaget om nedlegging kjem samstundes som norske redaksjonar kuttar i utanriksjournalistikk og langsiktige graveprosjekt blir stadig vanskelegare å finansiera. Dette gjeld ikkje minst journalistikk frå utviklingsland. Eit utalt mål for norsk utviklingspolitikk er at hjelpa som blir gjeven, skal vere effektiv, målbar og gje resultat. Bistandsaktuelt er ein av få uavhengige aktørar som følger med på om denne hjelpa faktisk kjem fram der den skal. Om ein er oppteken av resultat og gjennomsiktigheit i norsk utviklingshjelp, er Bistandsaktuelt ein viktig medspelar. Professor i journalistikk, Roy Krøvel, samanfattar det slik: ”Det er uansvarleg å bruke ein prosent av statsbudsjettet til bistand utan samstundes sørge for kritisk debatt om bruken av desse milliardane.” Derfor må sjølv bistandsskeptikarane på Stortinget sjå dei gode argumenta for å redda Bistandsaktuelt.

Denne kronikken stod først på trykk i VG 12. november 2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *